tirsdag 27. februar 2018

Blanke dagar



isen er ei kappe
ømt senka over landskapet
med forsiktige hender

desse uklare husa
uklare menneska
med gjennomsiktige sjeler
stille vandrande -

eit plan for tankane
og dei varme kjenslene
og dei dirrande, djupe
redslene

og eit plan for beina
med stødige musklar
avogtilvaklande steg
over frostprega jord

dette er eit stille forrom
før den hastige våren
og ein sommar
av likegyldige songar

det er blanke dagar
for auga som svevar
over sjøen i sjela


fredag 23. februar 2018

Leik



ligge med breie vengjer på vinden
kjenne verda som ei flate
med to dimensjonar
og lufta som held deg oppe
som den tredje

og tida står stille
inni denne parentesen
der matjakt, uro og frykt
vert lagt til side

alt som tel er
du og vinden og svevet –

 

På tur med katten


onsdag 21. februar 2018

Vinterkveldslyset



strålane frå sola i havet
legg seg som varmekablar
rundt sjela

eg let meg senke
inn i bildet – bli eitt
med sjøen, skogen, skyene

kjenner at vinterkvelden og eg
pustar i takt, vert eit kor
- eit lovsongskor
under open himmel