fredag 19. januar 2018

Haldepunkt



lyset er refleksjonen
av den du var – den gongen 
like før bildet vart ramma inn,
sett på hylla –
kanskje skal du blåse støvet bort,
setje deg i vindauget
drøyme

det var nemleg slik du vandra,
oppdaga nye stiar oppå jordskorpa

var det eine, stødige haldepunktet
i tilværet – 

den gongen
du var alt som skulle til

Meir enn eit smil


mandag 15. januar 2018

Ordet til oss



det inkarnerte ordet
viste oss skrifta
med kjøtt og blod

eit ord for kjærleik
i varme blikk, milde tonar
til den som er i sorg

eit ord for nåde
i ei utstrekt hand – reis deg!
børa di er borte

eit ord for soning
i kroppen som dør,
ordet som byggjer bru

ein grunn å stå på

og mennesket vart ord
og vandra gjennom tidene – til oss;
eit glimt av ei større rettferd for verda –


Nye sjansar altså


lørdag 13. januar 2018

Standhaftig mjuk



stå opp
for det du veit er sant
ikkje bøy deg
for vald eller truslar
eller vondsinna løgn

ikkje bøy deg
for stille smisking
forsiktige avleiingar
frå den vegen du veit du må gå

einast bøy deg
i erkjenning av eigne feil
lat det stolte fare
i møte med eigne svik

for vi er alle vegfarande
og du treng nåden
like mykje som dei hine
treng di stødige hand