fredag 31. mars 2017

Blank



i jamn fart
glir vi over flata
som før var glitrande
vatn

no er det blankt
og kaldt og ufatteleg
glatt
dette

som først fann si form
då sola bleikna
mørket seig inn
og alle rørsler vart seige

her tek vi jamne, beine tak
glir over flata
som ein gong var flytande
blinkande
himmeltårer


onsdag 15. mars 2017

Refleksjonar



vatnet glitrar
av refleksjonar
frå levd liv

alt det vi bygde
i vårleg optimisme

alt det vi såg ferdig
og kjente glede ved
djupt i hjartet

alt det vi hadde venta på
som ein dag stod verkeleg
framfor oss –

no er alt dette glidd vekk,
det går i eitt med tankane
og inntrykka
frå det vi kallar kvardag

kanskje er det gløymt, gøymt,
unyttige reisverk
i den nye tida –

men vatnet glitrar
av tusen refleksjonar
frå levd liv



tirsdag 14. mars 2017

Himmelen regnar mot fjella


himmelen regnar mot fjella
ei elv av tårer
for alt som har skjedd

ei elv av tårer
for alt det gode som aldri vart gjort

ei elv av tårer
for alt som burde ha vore -

himmelen regnar mot fjella
eit lys som strøymer
over alt som er godt i verda

eit lys som strøymer
over alt det vonde som aldri vart gjort

eit lys som strøymer
over alt som vart som det skulle

himmelen regnar mot fjella

mandag 13. mars 2017

Eg såg eit glimt av stilla


vinterkulda gjennom alle
stilkar og strå
nakne, kalde greiner
utan lauv

lyset vaker i overflata
set seg til i skogen
stirrar på vintermenneska
med si bleike, lengtande hud

for eg såg eit glimt av stilla
i vinterauga dine
det blå lyset reflekterte noko djupare,
eit tidleg hint av varme -

og lyset vil stige fram
endå ein gong, i si tid
og jorda vil endå ein gong spire
og blomar vil vekse 

ut av vinterstilla


søndag 12. mars 2017

Gleda



å, stilla stilla              
stilla
i alt du gjer
når du er stille

og villskapen når du er vill
vill                              
så vill –

midt i mellom
kan vi prate
og la vere
å prate
som vi vil

og i alt dette,
i dette skiftande livet
som er time
på time
                        på time
på time
                        på time

dag på dag, år                år
ligg det ei glede

uendeleg
glede

i bakken eg går på
lufta eg pustar
vatnet eg drikk
hjartet som bankar i meg
                        og i deg –

eg vil ikkje la nokon
øydeleggje
ta
stele denne gleda
ta
det som er edelt og lyst
gjennom alle grå kvardagar