onsdag 22. februar 2017

Fotballtankar



eg er ein fotball
eg er rund
og trillar dit du vil
- eigen vilje
har eg ikkje,
eg er fornøgd med graset
og likar å sveve

når du held meg fast
med seige hanskar
drøymer eg om svevet
og landinga i nettet

når eg ligg i nettet, stille
drøymer eg om foten
og graset og farta,
at nokon skal komme springande
og sparke meg langt av stad

alltid har eg denne lengten
etter å vere ein annan stad,
for sjølv om eg er kvit
og viljelaus
har eg også mine mørke felt –

tirsdag 21. februar 2017

Draumen min, seier katten



draumen min
seier katten
er å vere to stader
på ein gong
ikkje inne
ikkje ute
men både og

sitje der
midt mellom to verder
og ha like stor del –
vere midtpunkt
i dei begge



Break







just take a break, man
and use your brakes, man, before
your day is spinning!