fredag 27. januar 2017

Elva som tek




den store elva
med alt dette vatnet
som berre renn og renn,
denne elva av minne
og tankar og tid og materie,
denne elva
av alt som er meg

den renn og renn
tømmer meg bit for bit
til det til slutt
ikkje vil vere meir å hente ut;
eg vil vere tømt
og borte –

eg kviler i det eine håpet,
den eine trua
dette eine
at der elva endar
vil det vere eit hav
som fangar meg opp,
eit hav som kjenner namnet mitt
og er mi byrjing og ende

eit hav der alle bitane
av det som ein gong var
vert samla saman
til ei betre utgåve
av meg sjølv


fredag 20. januar 2017

Natt


eit stille sus av vind
mellom elles stille tre -
vegen ned til sjøen
ligg i skugge
- men eg kjenner den 
som min eigen pust

her nede er eg fri,
som bølgjene skvulpar 
mot bryggjestolpane

eit einsamt lys
over kaia - kvardagen er ein annan stad

det er ein roleg kveld
eg kan endeleg høyre hjartet mitt banke -


fredag 13. januar 2017

Sin eigen musikk



du har andre tonar
på dine eigne noteark –

mennesket er sitt eige univers;
hovudet eit ukjent bibliotek

kanskje ser vi lysglimt
i kjente frekvensar

kanskje ikkje

berre glimtvise treff,
som smil i auga og mjuke ord

og handa som grip den andre,
held saman i stormen:

to parallelle univers
kviler i kvarandre sin skugge


fredag 6. januar 2017

Engel


vesle bodberar
frå andre dimensjonar,
syng din song
i mi mørke natt
syng din song
til hjartet kan smelte

og auga kan sanse lyset
i ferd med å stige opp
bak vitet sine mange horisontar


mandag 2. januar 2017

Utanfor




hendene
aldri gløymer eg
hendene
sprikande fingrar
sår hud
ei bøn i kvart auge –

eg sat i sofaen
i den lyse stova
på den grøne plenen,
varmepumpa suste svakt
heldt temperaturen oppe
på denne vesle flekken
eg kalla min

rundt hagen gjekk gjerdet
og utanfor gjerdet
stod du

stira inn, bedande
ynskte å varme deg –
dele varmen
som sikkert kunne varma tjue
eller fleire

men eg
eg kasta ut ein utslitt genser
og snudde meg til datamaskina
ville vere i fred
for å skrive dikt
om hendene dine;

hendene
aldri gløymer eg
hendene –