torsdag 30. november 2017

Ei oppmuntring - 2



det er så mange horisontale linjer
å passere;
den første samansmeltinga
den første kryssinga
ut i lyset
orda som fell på plass –

og til slutt
den siste streken
ut i det store, ukjente;

heile vegen
klamrar eg meg fast
til denne eine vertikale linja
som ikkje raknar i stormen
eller knekk under vekta
av alle mine feilsteg

denne linja som startar
akkurat der eg er
og endar i ein annan dimensjon;
forankra i eit kors, ei trone, eit farshjarte

ei sikringslinje å berge seg ut med
når alt anna –
sjølve universet –
har stoppa opp


onsdag 29. november 2017

Ei oppmuntring - 1



det heiter seg slik
(hos dei som sit med vitet)
at universet vert større
dag for dag

at det som ein gong var samla
blir større og større
og den samla energien
skal fordelast i eit større rom

ergo
vil temperaturen synke
stjernene slukne
til slutt
vil det enorme rommet
ligge svart
tomt
og kaldt

for alltid

ingenting av det vi gjer i dag
vil bere meining

ingenting av det vi har i dag
vil vere att –


fredag 24. november 2017

Dynamisk maske



du kan ikkje seie
det er berre slik
eg er
ferdig med det

tanken må snuast
haldninga vendast
orda bli fødde på ny
med nytt innhald
og ny glasur;

så slik er det no
i morgon –
i morgon kan alt vere annleis
du kan vere ein annan
og tida kan skifte
og maska kan vrengast
og det som ikkje er kan bli til
om du vil