søndag 29. oktober 2017

Eit absolutt



det er ikkje slik
at det vi seier har same verdi
eller vekt;

anten har eg feil
eller så har eg rett
- vi kan ikkje vere der begge

(med mindre
vi seier det same)

anten sit det nokon bak
den store steinen,
eller så er der ingen –
svaret får vi ikkje vite
før vi ein dag kan gå bakom
og sjå

(viss då ikkje denne nokon
plutseleg
gjev seg til kjenne sjølv)


fredag 27. oktober 2017

Det skjer noko her



det som skjer mellom oss
er umogleg å sjå

det er så vidt vi skjønar det sjølv
dette svake skjelvet
gjennom nervane

du
og eg
ein puls i blodet
varme gjennom nervane
du du du
og eg

det er noko her
ei bru som vert bygd
trådar som vert trekt – eit samband
ingen andre kan sjå
eller skjøne

men eg veit
og du veit
og vi veit

vi veit det ingen andre kan sjå

 

tirsdag 24. oktober 2017

Menneske og konstruksjon



refleksjonar av det storslegne,
det vi menneske kan
bygge saman – bygge opp
til noko endå større

så går vi der
med våre puslete føter
og tankar – streifar
innom
i utkanten av
dei store mysteria; dei verkeleg store

at hjartet bankar seg fram
gjennom tida
stødig og trufast

at føtene kan flyttast mot eit mål
berre ved ein tanke

at lydane vi formar i lufta mellom oss
vert ståande som bruer
mellom mitt hjarte og ditt
- at vi forstår kvarandre –