fredag 29. september 2017

Til fridom



kvardagslivet lever
eg i skuggen av store hus
og vekslande draumar
i dette landskapet
eg kallar heimland

dette landskapet
eg trør med trufaste steg
på stigar eg håpar leier fram
og leier rett

til fridom
sa du, med auge og stemme
og kjærleik som lyfter
til fridom
seier eg, og lar håpet slå rot

for i dette heimlandet
mellom store draumar
og forgjengelege hus
er der eit ankerpunkt
for alle mine lengslar;
og eg kastar ut festelina
og du dreg meg inn
til fridom



lørdag 23. september 2017

Ut over kanten



det er ikkje alltid lengda på hoppet
som tel
eller korleis du landar

det viktigaste er at du vågar
setje ut frå kanten,
at du vågar ta sats
og kaste deg ut i det ukjente

og om du skulle lande skeivt
nokre få centimeter frå
der du starta –
kan du likevel vite med deg sjølv
at du var i lufta
- at du svevde

fordi du turte
å kaste deg ut over kanten



fredag 15. september 2017

Så er eg her




midt i livet
midt i byen – her
eg står, går, lever
er ein maur i flokken
på veg frå der eg kom
på veg til – nye stader
menneske, opplevingar
som ligg der
endå ulevde, endå utanfor tida
endå ukjende – ei stund til

så er eg her
midt i livet
midt i tida – her
eg er, pustar, finst
som eit under, eit mysterium
for tanken – eit meisterverk
så ulik alle andre
og likevel så liten
på den store globusen
eit støvkorn i universet

så er eg her –
no
og no


og no


og                          no