torsdag 24. august 2017

Ut i eventyret




tre ting må du ta med deg
ut i eventyret

mot til å møte trolla
dei trampande stampande
alltidulande ulvane
som stengjer vegar
lukkar portar
vil ha deg til å snu –

du må våge å møte auga
og gå på

hjarte for dei som er såra
og ligg nede, hjarte
for dei fortvila og forvilla
og for dei blinde og
dei redde
og deg sjølv

ro til å trekke pusten
for i eventyret går tida fort –
ingen ber deg sitje ned
og kikke på stjernehimmelen
(om du då ikkje har med ein guide
som veit talet på dei alle)
for i eventyret er uroa
det aller største
trollet


tirsdag 22. august 2017

Motpol


alle ting har ein motpol
slik eg er din
og du er min;

vi er vinter og sommar
sol og regn
mørket etter dagen
og dagen etter natta

slik går vi gjennom livet
som motpolar
dregne mot kvarandre

og finn
at vi er kvar sin ende
av same eining


lørdag 19. august 2017

Vinden over djupet




alt speglar seg i vatnet
trea speglar seg
fjella speglar seg
himmelen speglar seg
og leitar etter skuggen av seg sjølv
i djupet

alle speglar seg i vatnet
og ventar å finne fragmenterte bitar
av seg sjølv i det andre elementet,
finne sine eigne fargar
og noko av sitt eige sjølv
i djupet

på dei stille, rolege dagane
når vinden ikkje er til stade

for berre vinden bryr seg ikkje,
berre vinden bles av heile greia
og rotar opp vatnet
så fargane forsvinn
og ingen kan sjå eller finne
nokon ting
i djupet


fredag 18. august 2017

Kanskje fugl




kanskje kunne eg vere ein fugl
tenkjer eg
spring gjennom skogar landskap
der eg er kjent fri levande pustande
lukkeleg
ja
lukkeleg i meg sjølv
svevar gjennom denne verda som er mi
heile vegen
til deg