fredag 2. juni 2017

Djupt i hjartet



orda synk som lodd

mot djupa i hjartet,

der auga ikkje kan sjå

og ingen veit om

kva som ligg gøymt



for djupa i hjartet

er mystiske stader

med skjulte skattar

og draumar som ventar

på vengjer



og flyktige håp,

skogar av tru

og eit vell, eit uendeleg landskap

av ord som ein gong flaut,

men no ligg som bortgøymte vrak

i mørket