fredag 19. mai 2017

Tilbake der vi var



ein gong svevde vi
over vatnet
var ikkje jord eller tid,

ein æveleg pust
ein tanke berre
hos Han som ser

og leia oss inn i bildet
som sårbare, fysiske
manifestasjonar av glede;

så vender vi tilbake dit
vi eingong var,
molekyla vil løyse seg opp

og Han som ser
fangar oss i svevet
byggjer alle ting om att i nåde



onsdag 17. mai 2017

Gå for fridom



steg for steg
fyller vi den asfalterte vegbana
der harde maskiner elles rullar
og orda plar vere få

no stegar vi framover
i samla flokk, ikkje taktfast
berre halvvegs regelbunde, oppstilt
etter sedvane og skikk

går framover i ordna uorden
mot eit felles mål
gjennom vårt daglege landskap;
det er her vi bur, her vi
lever, arbeider, pustar

i dag er musklane samla,
levande organismar på vandring;
vi går for fridom, vi går
for eit felles leve i fred



fredag 12. mai 2017

Kjærleik frå ei mor





er varm lava
strøymande over isbrear av frykt,
smeltar vekk den forferdeleg vonde
kvelande smerta som jagar gjennom blodet
men no
vert smerta sjølv jaga
av denne lavastraumen
av kjærleik frå ei mor

er lindrande vind
over aude ørkenlandskap av einsemd,
trøystar der håpet døydde og vener drog
og alt som står att er tørre stubbar
av det som ein gong var
men no
kjem vinden siglande
som eit levande plaster
frå pusten til ei mor