tirsdag 11. april 2017

Lyset i mørket



i mørket pulserar
eit lys
like under overflata
av det synlege

ein dag
om ikkje lenge
vil det skine gjennom
bryte ut

knuse mørket
i tusen vikande fragment

fylle natta med nye lydar
nye songar
skine trea grøne, havet blått
og lengten raud
som kjærleik

1 kommentar: