fredag 28. april 2017

Det vi bygde





1

det vi bygde
og tenkte skulle vare
snart rasar det saman
går tilbake
til støvet det kom frå

bak det heile er fjella tause vitne

husa vert tomme
søkk saman under børa
av tause stemmer, fråvær
av liv og varme
forsvinn med vinden
og regnet og tida

bak det heile er fjella tause vitne

så skal også dei ein dag vike grunnen,
smuldre til sandkorn
skylt vekk i straumar av vatn
og ført av garde med vinden
til berre det aude slettelandet ligg att

2

eg ser med undring på landskapet
ser kor det forvitrar
endrar form,
ser korleis tankane mine vert forma
av tida og rommet
og kor alle ting er ustødige, små
i møte med dette ufråvikelege 
som sliper verda ned
bit for bit

3

utan håpet 
om noko meir
ville denne tanken vore skremmande mørk,
eit skrekkscenario
i mi imploderande tru på verda

for når verda vaklar
vert ei anna tru ståande att


7 kommentarer:

  1. gorgeous snow covered mountain

    SvarSlett
  2. A sense of the 'wild west' about the picture!

    SvarSlett
  3. A very beautiful - and cold - photo. I love the light on the distant mountain.

    SvarSlett
  4. What a splendid scene! Anyone who builds there would be very lucky.

    SvarSlett