tirsdag 14. mars 2017

Himmelen regnar mot fjella


himmelen regnar mot fjella
ei elv av tårer
for alt som har skjedd

ei elv av tårer
for alt det gode som aldri vart gjort

ei elv av tårer
for alt som burde ha vore -

himmelen regnar mot fjella
eit lys som strøymer
over alt som er godt i verda

eit lys som strøymer
over alt det vonde som aldri vart gjort

eit lys som strøymer
over alt som vart som det skulle

himmelen regnar mot fjella

1 kommentar:

  1. Nydeleg !
    Takk for besøk i bloggen min, du har fallt ut av blogglista mi så
    eg har ikkje sett innlegg hos deg på lenge lenge.
    No håpe eg å få fylgje med :)

    SvarSlett