fredag 10. februar 2017

Kulden frå djupet




ås ropar til ås
eit komme
alt edelt, alt stort –

lat kvart minste molekyl
bli eitt med det lyse
og lette og sigrande glade

må kulden frå djupet komme
så komme det som må –
men møt det med mot,
kjemp
til alle krefter, til siste dråpe blod
er borte

lat det sigrande, faste vere
eit banner over ditt liv,
der djupet vert dekt av ein veg
og lyset får stråle
i mørket


7 kommentarer: