søndag 17. desember 2017

Eit lys i verda #17



og boka på bordet lever
orda stig som varmluftballongar
frå sidene

stig inn i luftrommet
mellom auga og boka

og lyfter hjartet mitt vidare
like inn i himmelriket


lørdag 16. desember 2017

Eit lys i verda #16



eg opnar boka
boka opnar meg

saman studerer vi
kvarandre

til vi sprengjer skalet og stig ut
som nye skapningar

Håp vs Alt anna



fuglen som svevar flyt
over vatnet
lengtar etter land

ser sitt eige bilete
stadig større
klarare i konturane
gjennom det himmelblå vatnet

lufta verkar ikkje lenger
vengene klarar ikkje presset

alt som lyfter, held oppe
er vissa om kvila som ventar
der havet vert knust imot berg