lørdag 31. desember 2016

Det vesle mennesket - 2




tankane er fuglar
draumane er vengjer

frå din stad i universet
kan dei lette og fly ut

sirkle om jorda
hente næring i det som er sådd;

ord som ein gong vart forma,
små frø i vårt tynne jordsmonn
mellom magma og det uendelege universet


fredag 30. desember 2016

Det vesle mennesket - 1









eit menneske
mellom høge fjell
så liten i det store universet

skal tankane på dette store få rom
i herberget
må heile æva famnast

late hjartet finne rytmen
lagt på skapingsdagen
då orda vart ikledde jord og vatn

og ei form steig ut frå mørket;
eit menneske, ein ævevandrar
så liten
så veldig liten
mellom dei høge fjella


torsdag 29. desember 2016

Midt på natta-blues






sitje i mørket
drøyme
om å sove

sleppe seg ned
i det mjuke,
sleppe taket -

gli inn i det framande landet
la seg føre med straumane
dit viljen ikkje veit

tenkje lyseblå tankar
med auga i mørket
og den sovande verda

som uvitande vitne


søndag 25. desember 2016

Lerret


dei blå vinterfargane dansar
ein einsam dans
over lerretet
- ein malarmeister ser undrande på
verket han har laga

det er som det lever sitt eige liv

la oss gje menneska glede
som ein naudutgang
frå eigne tankar

penselen på ny i malarskrinet,
nye fargar - varme, klare, glade
og forsiktige over lerretet 

vert som lysande skilt i mørket,
ein sti å gå, eit kart å lese
ein veg gjennom alt det grå


fredag 16. desember 2016

Etter




det kjem nokon etter
med alvor i stega
og ei anna bør

endå er blikket ope
vegvala mange
og verda vid;

nokon kjem etter
set sine spor
på nye stiar

vandrar etter
men likevel, like vel
går vegen i ukjent landskap