fredag 25. november 2016

Songen




orda vart forma
djupt i ditt eige hjarte

tonane smaug seg inn
i hovudet medan du skreiv

og det heile vart ein song
om det du ikkje fekk sagt

songen flyg over leppene dine
slår følgje med vibrasjonane
frå gitarstrengar
pianotangentar
trommeskinn

når øyra mine som store bølgjer
mot ei forriven kystlinje

fossar innover nervebanene mine
veks til ei kjensle i djupet

og med eitt kan eg kjenne
det same som deg

vere på bølgjelengde – forstå 
eit anna, framand hjarte –


fredag 11. november 2016

På grensa til havet



her, heilt på grensa
til det store havet
kjenner eg armane dine
rundt meg

ein vind som pustar
ein tanke som kviler
i vissa om dette sikre
haldepunktet

armen er stødig
som eit urokkeleg fjell
også når du opnar opp
for mine feilsteg

let meg balansere
på kanten, prøve
mine eigne vaklande bein
ved djupet

klar til å fange meg inn
om eg fell,
klar til å la meg vere
om eg står