den
som kunne dansa
seg
veg
inn
i stjernene
til
ein melodi
frå
eldgamle
røter
og mold og vatn,
alt
som gir næring
til
musikken
i
kvar fiber, kvar celle
og
let deg strekke deg utover
mot
æva –
for
så å falle i trygge hender
som
tek deg imot,
let
deg sveve gjennom rommet
på
denne bølgja
av
tid
like
inn dit
alt
har sitt opphav
og
du finn deg sjølv
knelande,
boblande glad
for
ei trone
og
dei milde auga
ynskjer
deg velkommen heim