torsdag 26. mai 2016

Dansen





dette er ikkje min dans;
det er orda
og lyden frå elva
som leier meg vidare inn
i eit landskap av draumar,
fantasifragment frå mitt inste DNA
og tida eg berre har til låns

så i dag trør eg varsamt
over mose og lyng,
navigerer i eit eldgamalt terreng
- det er i tankane og i hjartet
og kroppen responderer
som om landskapet
er ein del av meg sjølv

likevel er ikkje dansen min
endå føtene er styrt
av hovudet
og trør der eg ynskjer;
etter meg står skogen taus
og spora eg set forsvinn
før neste soloppgang 


mandag 23. mai 2016

Natt og dag





du er natt
og eg er dag
du er sol
og eg er måne,
vandrarar
på same vegen –

ulik takt og ulik rytme
ulike i sinn og auge;
fyller ut
dei tome romma
i kvarandre



onsdag 18. mai 2016

Det er denne handa




det er denne handa
eg held 
den tett
i mi, kjenner fridom
som varme impulsar
mellom fingrane mine
og dine,
her - i denne handa
har tryggleiken min festa rot

det er denne vegen
me går
den saman
møter framtida side ved side
som noko spennande
nytt, noko ukjent
å famne
her - langs denne vegen
med handa di trygt omkring mi