fredag 29. april 2016

Vengene






det var du som lærte meg å fly, du som sette på vengene og viste meg, ein demonstrasjon gjennom timar, dagar, veker, år - saman - kvart sekund var ein gullmynt i handa - og me gjekk saman over marka, kjende vindane samle seg under dei høge fjella, klare til å løfte, bere oss framover oppover over dei regntunge dagane og vidare inn i nye og ukjente terreng - og eg såg det med eigne auge, kjende det på min eigen kropp, måtte vere i vinden, vere i regnet, vere i det grå og i det lyse, vere i det heile med heile meg; der var ingen stuntmenn, ingen vågale fuglar, velkjente med livet og krafta i naturen, ingen som kunne gjere det for meg; men du var der, heile vegen, og i dei hardaste kasta var det du som heldt vengene mine ute

så no kan eg fly med eigne venger, og tida, dette bølgjande monsteret med sylskarpe tenner og sin eigenrådige vilje til å sluke, bryte ned, dra meg mot bakken og vidare ned, berre kampen mot denne tida vil vise 
om vengene 
du gav meg 
vil halde -


søndag 24. april 2016

Kva er det med livet




kva er det med livet,
at det kan vendast
og vridast
og verte snudd heilt om
på så korte augeblikk
at kven som helst
kan dette av
og likevel kan ein klamre seg fast
som gjaldt det nettopp
livet
og presse seg gjennom, tvinge seg opp
og tvinge alt det svarte i kne
fordi ein vil
fordi ein
fordi ein ikkje har noko anna val
enn å kjempe imot;
og så oppleve underet på ny,
at ein ny soloppgang fargar verda
og knoppane sprett
i vindstilla etter vinterkulda
og gleda siv opp frå frosne marka
der tæla må sleppe taket –
og det snudde vert vridd på plass
om enn i nye stillingar
og det tapte vert funne
om enn i nye former
og det du lengta etter finn stad,
endå du ikkje visste
at det var dette, akkurat slik, akkurat no
det heile leia fram til –

kva er det med livet,
at berre ein held fast lenge nok
vil lysglimta sive gjennom
og gode vindar blåse
og regntåka sleppe taket
lenge nok (og kanskje meir)

at ein finn det verdt
å vere i det?


fredag 15. april 2016

Ei verd på vranga



1
heilt opp hit
på grunnene i livet
hamner kjenslene
av ei verd i stadig endring;
at alle ting flyt – alt
utan grunnen under kjølen
som no står fast
som diamant




2
verda er ei anna;
då eg vakna
hadde sola bleikna
og stjernene gjekk i krins
om ein liten satellitt

eg trødde ut på vatnet
som i går kunne romme alt
eg ikkje ville sjå,
no vart det heile tømd tilbake
i ein kaotisk straum
- frå gløymsla og inn i hjartet





3
dette er verda mi,
det er her eg held balansen
mellom avgrunnar og meiningsløysa;
går mitt tilmålte strekk
som i ein dis –
berre under det heile, (eller bakanfor)
(utsikta frå auga)
ser eg faste punkt
noko stødig
å navigere etter