søndag 28. februar 2016

Mørk kopi



sjå seg sjølv
i auga
til den andre

sjå seg sjølv
i djupnene,
der himmel og hav
flyt i hop

skilje seg ut
som ein silhuett
mot alt det lyse

og flyte der
på vinden
til dagen sloknar;

alle bilete
vert borte


onsdag 24. februar 2016

Spel


dette er ikkje eit spel
for galleriet,
det er for store smil
og tilfeldige treff -

der reglane skiftar
alt etter - og i samspel med
humør og fantasi
og det som elles måtte inntreffe

og motspelaren
er ein medspelar
i gleda!

mandag 22. februar 2016

Alt vi ikkje ser




menneske du møter
i kvardagen, tilfeldige
tilfelle av DNA og tankar
og ånd
- at det vart nett desse,
og ikkje andre -
og du tolkar, du les, du tyder
signala fløymande gjennom luft-
atoma, som brev – eller utdrag
frå ein endå lengre
utilgjengeleg tekst

og du anar, for du veit
- fordi du kjenner deg sjølv -
at her er mykje du ikkje ser,
der er fleire lag, ein djupare grunn
som aldri vil skine gjennom
i så stort monn at du vil kunne forstå
eller vite
kven – og korleis
alle desse
verkeleg er…

så møter du menneska
- tilfeldige passeringar -
og kanskje smilar de,
kanskje endrar du kurs
                       på grunn av dette
men overflata de viser
skjuler uendelege landskap
av mystiske dimensjonar 
bakanfor



søndag 21. februar 2016

Uventa


vinden midt i mørket
ein tornado av framand hjartelag
over eit kulturlandskap
utarbeidd, tamd og dyrka
gjennom hundreåra

lyset frå nye vinklar,
kaskadar av englevinger
dekkjer landskapet 
med nye tonar, nye songar
uventa ord frå ein framand dimensjon

mørkret vik for vinden
hjartelaget temmer landskapet
og hundreåra svinn
som framande songar frå hjartet,
og etterpå, i stilla
er blikket vendt - og landskapet 
nyskapt i lyset

søndag 14. februar 2016

Du såg



det lyset det brenn
som ein fakkel i auga,
lynglimt frå eit hjarte
gjennom tid, gjennom rom

festa seg til kleda mine
trengde gjennom huda, håret,
tvinna saman nye nervebaner,
let blodet renne slik det skulle

og det brennande lyset
vart jordsmonn å vekse i,
vatn som næra, gav liv
til flammen som endå brann stille

kunne vel nokon mista vegen,
i eit slikt striregn
av kjærlege tankar
då du såg på meg –


lørdag 13. februar 2016

Lyset



tvers gjennom sjela mi
går det ein egg,
eit skilje mellom lys
og mørke
og eg har sterke bindingar
til begge sider




under bleike stjerner
kjenner eg den skarpe smerta,
det å vere bunden
til mørket i meg, det djupe
som freistar å dra meg under;
eit eg som eit blylodd
over det gode





strålane – frå andre sida
trengjer stadig gjennom,
held meg oppe, held meg fast
til dette trygge, faste
som ikkje er mitt eige
men likevel meir meg enn noko anna;
det som skapar og formar meg
til den eg var meint å vere