lørdag 30. januar 2016

Fragmentering



eg ser meg sjølv i vindauget
i det eg går inn døra,
ein kort refleksjon
tilbake til den eg var
i det eg opna døra og steig inn

døra smell att
tre sekund er borte
eg er allereie ein annan




så raskt denne endringa går
eg ser meg sjølv
smuldre bort, oppløyst
som støv på bakken

eg mistar cellene mine
millionar borte i vinden
som spor langs stien eg har gått

eg kan aldri følgje dei
attende





det var enklare i starten
då eg kjende meg samla
heil
som ei konstant eining i verda
og verda var eit heile
stabilt og klart til utforsking

i dag er tankane mine delte
nett som kroppen, lemene
alle organa og vevet eg er bygd av

kompleksiteten aukar
og vissa om dette dynamiske
flyktige trekket ved verda
styrkar trua på det varige
- at det som er utanfor alt
og ein tråd gjennom alt

ein dag kan føre det knuste
attende til eit nullpunkt



(Fototriss)

fredag 29. januar 2016

Der det skjer




dei som er
der det skjer
- berre står der
og ser…

kanskje var dei på leit
etter moro og gøy;
for alle barn veit
det er kjekkast med støy

så gjekk dei i hagen
og leita litt til;
då kom det for dagen
ein bosstømingsbil!



(Weekend in b&w)

søndag 24. januar 2016

In your dreams 2








(Haiku horizons)

In your dreams 1




inside these four walls
of your dreamy head
I stroll along the beach which
flanks the ocean of
your thoughts –

and then I dip my toe
sinking slowly into
the mesmerizing colours which
divides your world
from mine


(A week for writing)