torsdag 29. desember 2016

Midt på natta-blues






sitje i mørket
drøyme
om å sove

sleppe seg ned
i det mjuke,
sleppe taket -

gli inn i det framande landet
la seg føre med straumane
dit viljen ikkje veit

tenkje lyseblå tankar
med auga i mørket
og den sovande verda

som uvitande vitne


1 kommentar:

  1. Finfint!

    Har du gitt ut nokre av dikta dine?
    Marieklem

    SvarSlett