onsdag 21. september 2016

Kjeldene #7


eg høyrer slaga
frå tunge fjerne klokker
nærme seg

ei dirring frå urgamle tider
lyfter byen frå fjellet gjennom skyene
speglar den som gull i havet

let lyset omfamne skuggane rive dei sund
let kjeldene strøyme fritt og openberra
for mitt nyskapte hjarte

ser i djupna
at alle mine kjelder
er i deg


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar