tirsdag 13. september 2016

Kjeldene #3


eg såg deg
med mine ungdoms auge
eg var nyfødd eit barn ein uvitug
nysgjerrig stirrande på murar og fjell
og det skjulte pulserande livet her

eg såg deg
monterte saman bildet
av notids deg og fortids deg
og mitt hjartes deg og kunnskapens deg med kjenslene
av alt som vella fram
når eg trødde i gatene kjende luktene
kjende livet ditt sive inn i mine blodårer
og det som var flate teikningar
steig opp frå papiret fekk liv og rørsle
og kjærleiken brann
ja brann

i det orda smelta saman med bilda
og vart ein ny heilskap
ei kjelde eg kan ause av
kvar gong eg grip ordet
let det fylle meg forme meg
skape meg på ny


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar