torsdag 11. august 2016

Vindauge



desse orda er mine
vindauge
mot ei verd – verda
i stadig rørsle;
dei er stadig i endring, desse orda
mine vindauge
mot andre menneske – menneska
på godt og vondt
i ei blanding eg aldri får taket på –
difor pussar eg på desse
orda mine vindauge
mot ei større forståing – forståinga
som alltid glepp i siste sekund


1 kommentar:

  1. Liker orda dine:
    Vindauge mot verda i endring, og menneska på godt og vondt, - eg aldri får taket på. Og pussar vindauge mot større forståing, - som glepp.
    "Ja, sånn er livet" og vi forsetter "å pusse vindauge".
    TAKK! Fra "MinsteBror"

    SvarSlett