fredag 26. august 2016

Rikdom



alt eg rekna som mitt eige
bak stengde dører tette skodder
strengt vaktande over mine skattar
som ein fresande drake

messa mitt mantra
mitt
mitt

til tida rann ut
dørene vart sprengde alt rasa
falt saman som visna lauv
teke av vinden

dess meir eg prøvde å halde fast
dess meir vart rive bort
til eg sat att med smular
og ruinar av det som hadde vore

i eit opna landskap
kjende vindane såg trea trakk inn
den friske lufta
kjende hjartet banke feste auga
på gylne horisontar

høyrde ei stemme tala
den kom frå hjartet vinden ruinane
frå ein stad like utanfor rekkevidde
først no er du rik
som ei kviskring
først no
er du
verkeleg
rik


3 kommentarer:

  1. What a beautiful shot, the light is perfect

    mollyxxx

    SvarSlett
  2. Excellent photo, everything just right. A powerful image.

    SvarSlett