mandag 8. august 2016

Mørket eg fryktar




eg fryktar ikkje natta
tause og kalde, blinkande
stjerner i ævelege avstandar
i det tomme universet,
eg fryktar ikkje tåka
det rå regnet
som omfamnar og skjuler
alt som lever og pulserar
gjennom desse blinde timane

eg fryktar mørket
i menneskehjarta,
det som tåkelegg mjuke ord
og vatnar frø av hat og mismot
sådd gjennom timar og dagar
under eit forsura regn av ord,
skapt i det same mørket

det er ein himmelvid forskjell
på dette indre mørket
og det ytre mørket
som vik for ei stigande morgonsol


2 kommentarer: