tirsdag 15. mars 2016

Lett


kanskje var det mi eiga stemme
som eit ekko
i det tome rommet
- lyden som slo mot vindauga
dørene, golv og veggar,
slapp taket
og flaut utover hagen;
denne lyden som trassa alt
anna enn lokkinga frå lyset -

så var det kanskje lyset
eg høyrde, som eit drønn,
når det landa med vårlege vengjer
på frosne tre, kalde steinar
i ei verd i frykteleg stillstand

og lyden og lyset smelta saman
i ei symbiose med nye smakar;
slår attende
frykta som heldt stemma mi fanga
i sitt eige ekko



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar