onsdag 24. februar 2016

Spel


dette er ikkje eit spel
for galleriet,
det er for store smil
og tilfeldige treff -

der reglane skiftar
alt etter - og i samspel med
humør og fantasi
og det som elles måtte inntreffe

og motspelaren
er ein medspelar
i gleda!

2 kommentarer:

  1. Godt sagt. Med dette nydelige bildet som bakgrunn skjønar eg godt kva du meiner!

    SvarSlett
  2. So cute!!! In black and white the pig-tails become the star of the shot! Lovely!

    SvarSlett