fredag 5. februar 2016

Natt



det er det mørke vatnet 
og dei tause lysa 
dei stille båtane 
og skjulte fiskane 
den djupe lengten 
og dei store sakna  
dei mjuke blikka 
og dei gode hendene 
si natt

det er dei melankolske draumane
og  dei fjørlette andedraga
dei som sovna med glade hjarte 
og dei som sovna med slitne musklar
dei som ligg og vrir seg i angst 
og dei som mimrar om den gamle dagen 
dei som skjelv i frykt for morgondagen
og dei som vandrar med lette steg mot soloppgangen
si natt

det er menneska -
og alle tankane -
si natt



(Weekend in b&w)

2 kommentarer: