søndag 7. februar 2016

Naken lengt



1
tomme hender strekte
mot tause himmelkvelvar –
dagane er grå, dagane er små
tida går frå horisont til horisont
og let etter seg eit spor
av naken lengt
over fjella




2
her, på staden eg står
er orda forma som blykuler
og samla i smale hylster

eg ventar på tida, at noko – nokon
skal sende av garde sin skjøre lengt
i parabelbane over landskapet mitt

at noko skal møtast, kollidere
i smertefull, knusande samansmelting
og falle som regn over vintertørr jord





3
dette er ein dag utan stemme,
orda når ikkje over avgrunnen
mellom min og din lengt

vi vender blikket i same retning,
og denne vesle felles rørsla
er alt som held oss oppe no




11 kommentarer:

  1. Fina siluettbilder. Men diset i tvåan gillar jag mest.

    SvarSlett
  2. Stämningsfyllt och jag gillar den sista bilden bäst med den tankfullhet och stillhet som den utstrålar.

    SvarSlett
  3. Fina bilder där den första blir min favorit! Den gillar jag mycket!

    Ha en skön söndag!

    SvarSlett
  4. Flotte bilder,
    og teksta er god som alltid hos deg.

    God søndag.

    SvarSlett
  5. Så vackert,även om de andra var så vackra blev tredje bilden min favorit.

    SvarSlett
  6. En väldigt fin triss - både i ord och bild!

    SvarSlett
  7. Great selection of silhouettes

    Mollyxxx

    SvarSlett
  8. Verkligen fina bilder!

    SvarSlett
  9. Härliga bilder, lite kusliga de första två, den sista är en riktig fullträff.

    SvarSlett