onsdag 3. februar 2016

Mellom


eg set beina mot jorda
auga mot horisonten

dette er livet mitt,
alle høgdedraga, alle dalane

og dei endå djupare dalane
forsiktig dekka av vatn - eit deksel

ser korleis tankane bølgjer 
og endrar seg, skiftar form og farge

ser korleis alt er i endring,
sjølv perspektivet er eit anna no...

og ser - hjartet finn si ro i dette -
at bak mine fjell, mine fjordar, variablar

er eit lys i konstant rørsle 
mellom Ein som er stabil - og meg



1 kommentar:

  1. What a beautiful locations and lovely poem!
    http://travelingbugwiththreeboys-kelleyn.blogspot.com/2016/02/snow-days.html

    SvarSlett