fredag 15. januar 2016

Eit "mitt" bit seg fast i eit fjell



eg byggjer eit gjerde
med vakt (og pistol)

trollet som tramper
er blitt mitt idol;

mitt ego vert løfta
og sett høgt på trona

berre tanken på deling,
kan lamme nevrona;

eg trår over hjarta
med høge stilettar

og krev (med grov røyst)
millionprisbillettar;

“den fuglen du høyrer
veg to tusen tonn!”

og vegen din heim att
går bakover sånn -->

med eigne hender
stoppar eg straumen

så vaskar eg handa
og trår inn i draumen;

der slår eg opp skilt
eit “mitt” for kvar meter

og kulda kan målast
        med blytermometer


(Weekend in b&w)

12 kommentarer:

  1. Härlig bild!
    http://blog.photobymanka.se/

    SvarSlett
  2. What a magnificent scene. Love the dark leaves touching the foreground and framing the beautiful variety of lighter tones in the landscape.

    SvarSlett
  3. Härligt b&w foto! Bra skrivet också!

    SvarSlett
  4. Vacker natur med fin inramning!

    SvarSlett
  5. en vacker bild av en fin natur :)

    SvarSlett
  6. I like this very much.

    Happy New Year!

    Visiting from BLACK AND WHITE WEEKEND.
    FRANKLY MY DEAR

    SvarSlett
  7. Slik mestring av ord. Og vakkert bilde.

    SvarSlett