fredag 22. januar 2016

Audmjuk snømann



utan ord,
bøygd under tyngda
av sin eigen fjorgjengelegdom

står han sine kvadratmillimeter
i stille undring;
tenkjer på dette underlege

at ut av snøen, nærast tilfeldig
rullande over snødekt mark
steig ein kropp, fekk form

fekk armar og hovud og ansikt,
vart stilt fram som eit under:
her, slik, ein snømann!

blant andre milliardar snøfnugg
og endå fleire vassmolekyl
vart det altså han som fekk sjansen

og no, utan eit ord
sig han saman under tyngda
av dette ansvaret, denne plikta;

vere eit eksempel for sin art,
eit bilete brent i barnesinna:
så er det altså slik ein snømann er –




9 kommentarer:

  1. Han bøyer nakken og tek i mot det som kjem :)

    SvarSlett
  2. Such a lovely snowman - so friendly and polite!

    SvarSlett
  3. Looks like a happy snowman. Great face.

    SvarSlett
  4. Ååå,- fantastisk skrevet,- og ja, jeg ser han står der.. tynget av ansvaret!
    NYDELIG!
    :)

    SvarSlett
  5. Brrr, I'm cold looking at this excellent image.

    Visiting from BLACK AND WHITE WEEKEND.

    FRANKLY MY DEAR

    SvarSlett
  6. Han trenger kanskje litt mer kulde for å holde seg oppe, eller er det vinden.

    Jeg satt og kastet søpplepost i går og da klarte jeg å kaste alle kommentarene fra mai til nå. Din fikk jeg reddet og den er limt inn.
    Derfor ser det litt merkelig ut!
    Ha en flott helg!

    SvarSlett