tirsdag 29. desember 2015

Oppstoda av kroppen



Eg trur på oppstoda
av kroppen, mitt skrøpelege telt
reist i kjærleik
til eit tempel, innvigd og heilag

Eg trur på oppstoda
av kroppen, mine ustadige atom
sirkulerande i bane
rundt alt anna enn det heilage

Eg trur på oppstoda
av kroppen, min vesle bustad
mitt korte sekund av æva
Ein dag skal den byggjast på ny

Eg trur på oppstoda
av kroppen, eit omvendt fall
frå jorda, som ein eksplosjon i revers
tilbake til det dei kalla “meg”

Eg trur på oppstoda
av kroppen, ein evig restaurasjon
med presise mål: Ein heilag Gud
som byggjer sitt barn på ny

Eg trur på oppstoda
av kroppen, eit nytt liv
ein ny bustad, så annleis enn denne
og fundamentalt betre

Eg trur på oppstoda
av kroppen, min kropp
min evige kropp, bygd av jord
frå Guds eigen hage


lørdag 26. desember 2015

Bøn i tåke



Herre, mitt hjarte bankar
for heilt feil ting –
auga stoppar å leite
ved porten til min eigen forstand

det eg ser, er det eg alt veit
og alt eg veit kan målast, vegast
setjast på rekke innanfor næraste synsrand
og siste punktum vert ein mur;

så det eg treng, Herre,
er nye komma i teksten om mitt liv
og måleeiningar for alt dette uhandterleg store
du kallar nåde, kjærleik, tilgjeving…

og utsikt bortanfor mitt eige,
der ditt rike, nærast usynleg i tåka
kan strekke seg inn i hjartet mitt
og skape noko nytt –


mandag 21. desember 2015

Skrive seg fri




eg skulle så gjerne kunne skrive meg fri frå alle desse banda, sleppe taket, sveve av garde på vindar eg valde sjølv, vere over landskap med venlege åsar – kanskje landskap forma i min eigen fantasi – og kjenne hjarterytmen passe saman med orda og orda passe saman med bileta eg ser for meg når eg lyttar og det eg høyrer passe saman med slik eg tenkjer verda er

då skulle eg kunne rekke fram hendene, vende tomme flater opp og ta imot det som vart gjeve, samstundes som det eg sjølv gav ville kunne bygge nye byar, nye utkikkstårn mot horisontar eg no fryktar å berre tenkje på – kanskje ville vi kunne rekke hendene mot kvarandre og gripe dei utan frykt, utan dette som no legg sitt klamme mørker rundt oss og er reiskap for krefter som bryt ned – og saman opne opp dei gamle såra, studere sårkantar og djupner, og saman sy dei att på betre vis, i samarbeid om metallet utvunne frå jorda vi trør – vere euforiske vitne til ei endring, der ordet vald står utan semantikk –

i denne tilstanden vil vi kunne puste med opne lunger, og fylle auga med det som no er skjult, vere kvarandre sine tolkar – dette er mitt hjarte, skal eg seie, og du rekk fram ditt eige og seier: sjå, kor det bankar på same vis som ditt! – og innhaldet er ulikt og orda har ulik farge og bileta er teikna med ulik type maling, men vi fryktar ikkje ulikskapen; vi ser den, seier: sjå så ulike vi er, og smiler medan sola, den same sola vi vandrar under no, går ned i havet bakanfor –

og skuggen som fell er ikkje mørk og trugande, men eit venleg omriss av noko vi tør kalle venskap – eller i det minste sameksistens utan eigedomskrav til grunnen skuggen fell på –


søndag 20. desember 2015

Treet og vinden



eg såg ein gong eit tre
det stoltaste av dei alle,
høgreist og flott, med heva blikk
i den store skogen

eg såg kor det måtte bøye seg
for vinden ei haustnatt
og vinden i vinterkulda
kor vårvinden drog det mot bakken

eg såg kor det måtte la seg forme
av det usynlege - lufta det pusta i
såg kor krokrygga og audmjuka det vart
av dette naudsynte grunnlaget for livet

eg såg ein gong eit tre
det mest audmjuke av dei alle,
bøygd og tøygd til det ukjennelege
i den store skogen

eg såg kor det smilte mot meg
let gleda skine som eit mysterium;
kjente ei undring over dette snodige
- at det først no var eit lukkeleg tre –


lørdag 19. desember 2015

Jul



noko veks fram
i det konsentrerte rommet
mellom oss

usynlege band i vekst,
blikk og glade ord
som små bruer

vi gjer dette felles
og noko veks, vert  sterkare;
resultatet elles er ikkje relevant –




med blikket utover
mot stjernehimmelen

og blikket nedover
langs historielinjene

veks ei visse fram i hjartet
som ei spegling av noko usynleg;

dette barnet i krybba
kom også for mi skuld





det er draumen
at verda skal møte oss
kamuflert, staseleg kledd
som ei betre utgåve av seg sjølv

likevel, eit vestlandshjarte veit
at det er regnet, den ærlege sanninga
om enn mørk og fuktig og rå
som teiknar det verkelege biletet av jula

idyllen er eit ferniss,
under det heile ligg årsak og verknad;
at barnet i krybba måtte komme
og bar med seg draumen djupt i hjartet –