eg
er ikkje som deg
vi
er så ulike
i
alt vi gjer;
ulik
fortid, ulike mål
forskjellige
tankar
om
det vi møter og det vi er
for
du er ikkje som meg
vi
er to ulike samansetningar
av
atom og molekyl
og
håp og draumar –
rake
motsetningar
vil
nokon seie…
men
skulle det bety
at
vi ikkje kunne vere her
tosame,
med rake ryggar
og
trygge smil – hos kvarandre?
før
stormen
og
etter stormen
ser
du meg stå her rak,
strekkjer
meg mot lyset
i
stormen
bøyer
eg ryggen;
ikkje
for å gje etter
eller
innrømme tap,
men
for å samle meg
verne
det skjøre livet
ikkje
knekke ryggen
i
min eigen stolthet
her
stod dei
rake,
urørlege
då
Røde Khmer sette
sine
blodraude spor på kartet
her
stod dei
upåverkelege
då
tusen kurdarar falt
i ei
sky av gass
her
stod dei
som
tause bautaar
då
ti tusen kvinner
mista
æra i Kongo sin jungel
her
stod dei
usårlege,
tankelause
då
ein million barn
døydde
av to slag tørste
og
eg tenkjer –
det
er noko gjennomgripande trist
i
dette å aldri bøye ryggen
for
noko