lørdag 31. oktober 2015

I lufta



kva er vengene
anna enn oppstilte molekyl-
strukturar i system,
lina opp, sett saman, bygd
til fjører og feste,
foreina i eit dynamisk heile;
estetisk, praktisk
naudsynt

likevel – så unyttig
utan lufta å flyte på –




i denne høgda er eg
fri frå alle banda

fridomen er eit pusterom
så annleis enn det å vere fange

for eg kjenner lenkene,
kvart strammande tau

dei sit i minna
som djupe spor i landskapet

og eg har kjempa imot
eg har fylt lungene med skrik i natta

eg har sprunge, eg har slåss
brukt all mi kraft og all min vilje –

til sist gav eg opp
la livet mitt i andre hender

kjente nytt blod, nytt liv
som straumar i mitt ørkenlandskap

og nokon lyfte meg, nokon
reiv over alle lenkene – bad meg fly –

så no er eg fri
og eg veit i frå kva





som kjærleik
høgt svevande
over kvardagen

ser eg deg
i nytt lys
frå denne høgda

liksom du er endra
til din beste versjon
gjennom augefilteret

og eg smiler til deg, vinkar
ditt hjarte til mitt –
lat oss vere nye for kvarandre



(Fototriss)

fredag 30. oktober 2015

Til tida



tida, min gamle ven
kor du herjar med oss
og alt vi er glade i –

kor du tek alle våre draumar,
bles dei vekk
med mørke haustvindar

kor du stel all vår lengt,
let den hope seg opp, bleikne
i himmelhøge, sukkande tårn

eller resirkulerer du alle ropa,
brukar sveitten frå svunne arbeidsdagar
som energi – og lagar nye lengslar?

kor gjer du av barnelatteren
gledehyla, tassande føter om natta
og barnegråten, kor er den no?

kvifor let du ikkje etter deg anna
enn tause bilete – sterile, luktfrie
og så lite haldbare kortfilmar;

kven hugsar vel alt du har teke
min gamle ven,
kven hugsar vel alle dine tapte gåver –



lørdag 24. oktober 2015

Mitt heime



1
mitt heime er
ved fjorden,
der tåka langsamt slepp taket
ved nytt morgongry

og fjella speglar seg i vatnet
mellom holmar og øyer
og båtar glir roleg
beint over vatnet –

der er hjartet mitt planta,
i fjorden – eit jordsmonn
å røte seg i
mitt heime er ved fjorden



2
mitt heime er
på fjellet
der fridomen strekk seg
så langt auga kan sjå

og lufta fyller lungene
med sjølve eksistensen,
lukka som ei snor
strekt frå horisont til horisont

der er hjartet mitt planta,
i fjellet – eit jordsmonn
å røte seg i
mitt heime er på fjellet





3
mitt heime er
der du er
langs vegar vi ikkje kjende
den gongen vi var unge

og endå strekk vi oss over
avgrunnen mellom meg og deg,
byggjer bru på bru og alle ting
på fundamentet kalla oss

der er hjartet mitt planta,
hos deg – eit jordsmonn
å vekse i
mitt heime er der du er