onsdag 30. september 2015

Inn i eventyret




som eit svingande sverd
slår lysstrålane gjennom underskogen,
raskar med seg siste rest
av natt og skumle tankar

kom, lokkar skogen no,
den som tidlegare var eit hinder
ein diger port
til eit avstengt land

men no – no er alt ope
no ligg verda for våre føter
det er berre å stige inn
på dei ukjente stiane

og det svingande sverdet leier vidare
til eit rike utanfor tid og rom,
der berre erfaringar og fantasiar
er grenseland mot det grå


tirsdag 29. september 2015

Mindre




hjartet mitt krympar
i møte med dette
ville, utemde, djupe

eg er så mykje mindre enn
no enn i går,
eg stod roleg på fast grunn

då – no er verda på ny
rotasjon, annleis denne gongen,
og eg er ikkje lenger solid

så eg søkk i djupna
kjenner vatnet dra meg under
medan hjartet mitt krympar –

det er greitt no …
eg gir meg
til deg

om du endå vil strekke deg
dit eg er og løfte meg
tilbake til dei levande



lørdag 26. september 2015

Tal


1

tel stjernene sa han vi tel
sandkorn tel lukke tel pengar
seier dei og smiler dollarglis
utan substans tel fingrar tel tre
med greiner som viftar i tallause vindar
mot tallause stjerner og tallause
sandkorn under havet eg tel
hus tel bilar tel meg sjølv og deg
tel nåde tel sytti gongar sju tenkjer
det er det som verkeleg tel




2
det er ikkje anna enn eit tal
indikator for ei kjensle vi kjenner
som skal forandrast
til ei liste med val for dagen

det er ikkje anna enn eit tal
men seier meir enn klokkene
meir enn vegane vi skal gå meir
enn det stille suset gjennom trea

for om det ikkje er anna enn eit tal
er det like fullt ei vektskål
der graden av slitsame tankar aukar
omvendt proporsjonalt





3
grensene strekk seg
som elastiske membranar
tvers over landskapet

bøyer unna inntil smertepunktet
men så, etter det
som ei klam hand rundt samvitet
vårt siste moralske fyrtårn