onsdag 19. august 2015

Spisse tankar



(isn't it like a return
of a spinning thought -

all these knife sharp thoughts
I'm aiming outwards
are cutting my own heart)

torsdag 13. august 2015

Om UDI og hjartemangel



Eit lite dikt i høve dette fantastisk depressive oppslaget på TV2: http://www.tv2.no/a/7250540

Av og til blir eg så utruleg oppgitt over dei som styrer dette landet, og samtidig så makteslaus, for det er så lite eg kan gjere med det. Einast be om at UDI må få auga opp for kva dei held på med, og at vi ved neste val skal velje inn personar med litt betre gangsyn på Stortinget. Slik at UDI på den måten får betre instruksar...

Og i tilfelle det er tvil: Diktet er skrive i affekt.


mandag 10. august 2015

Ein dag




skuggane ligg tunge
over ulendt terreng
der alle våre vegar snor seg
som villfarne bekkar
i terrenget

og føtene våre går
desse fuktige stigane,
auga vår ser
ein skjult horisont
bak natt og tåke

eg er fri,
eg har ubundne hender
og kan sjølv velje vegen

du er bunden,
hendene dine ber såra
og føtene har ingen val

ein dag skal vi møtes,
ein dag lettar tåka
og auga vil sjå alle horisontar

ein dag vil dommen falle
over fri og træl,
ein dag må vi svare – for alt –

-

i dag vel eg vegen;
eg svingar av, går mot deg
tilbyr ei hand i ditt mørker 

lørdag 1. august 2015

Skjul




så talte Herren til meg
i mitt skjul
bak mentale fikenblad
rundt hjartet mitt

ord som lækte såra
og bygde opp att
alt eg reiv ned
på mi vitlause ferd

og opna hjartet mitt
for nye ord
og nye tankar
og nye vegar å gå

til ein varmare stad
i eit anna lys;
trygg, trass mørket
som freistar å rope meg tilbake