onsdag 8. juli 2015

Den vesle handa


den vesle handa
dei korte stega
blikk i svært spiss vinkel
mot dei små vekstane
i skogkanten

og det store hjartet
dei vide draumane,
kjærleiken som endå strøymer
uhindra, utan reservasjonar
gjennom dei tynne årene

den vesle handa
den store kjærleiken
og ein blomsterkvast
til mor

tirsdag 7. juli 2015

Today




I confess my missteps,
wrap them up and
hand them over
to the man on the cross;

today is a new starting line
for these old feet on the
running tracks of grace


(APED prompt 37)

mandag 6. juli 2015

Det vakre




så kjem åra
legg sine lag
på lag
med minner, spinn dei
som spindel
kring hjarta og tankar,
let kjernen i alt
mogne
medan skalet
sakte krøllar seg
saman under tyngda
av kvart sekund, minutt, time
dagar og år
av levd liv
og drøymde draumar
tenkte tankar
og handlingar hendt
i den rekka
som enda opp
å vere ditt liv

så er dette det
vakre på jorda,
at alle ting
er i endring;
at tida lærer oss å bere
vårt forfall, våre tap
med heva hovud

og dette er det
vakre i verda,
at når enden er enden
på ferda
og kroppen vert gjeven attende
til støvet den ein gong vart reist frå,
skin orda frå boka
som leielys i natta:

ein dag bryt du ut av konkongen,
ditt innkapsla du
skal endå ein gong stige fram,
men no utan skal
utan tid
utan den tyngande tyngda
du ber på no