fredag 29. mai 2015

Ingen veg tilbake




brenn det ned, ropte vi
så brann vi det ned

etterpå gøymde vi oss skjelvande
i skuggen av noko stort
som hadde vore

lengta litt tilbake


onsdag 27. mai 2015

Stille under


under overflata putrar det
i tause vulkanar

eg skjerpar blikket
prøvar fange opp nyansane i kvelden

hjartet bankar ukontrollert,
ingen veit kor neste vindpust kjem frå

eller når dei indre straumane kokar over
sine stille breidder

set havet i kok
og endrar alle ting - alt i hop

frå eit sekund til eit anna,
kanskje akkurat når eg blunkar -

så eg held blikket fokusert
og håpar på eit stille under

lørdag 23. mai 2015

Dobbel



1
det eine nært
det andre fjernt

som pust på veg inn
og pust på veg ut

noko nytt, noko gamalt
og likevel heilt likt –

to uttrykk for det same,
ein samanheng – eit band

som to bitar i det tidfaste
verdspuslespelet 




2
det nysprungne livet skjelv,
her er så kaldt –

denne nakne kulda
i ei opa verd

der vindane flyttar seg
og vatnet renn

og ingenting verkar stadfast,
lunt og varmt eller trygt –

så lat oss lene oss på kvarandre,
finne livd i ein felles lengt





3
så er du spegelen min,
eit bilete av mitt eige bilete

slik eg sjølv speglar noko anna,
frå ei verd av andre substansar;

så rører du deg ikkje
utan at eg gjer det same,

liksom styrt av desse
usynlege, ubrytelege fotonbanda

ikkje ulike dei som held også meg
i stadig rørsle mot æva



fredag 22. mai 2015

Stort i smått



eg tenkjer på kor små vi er
mellom slike høge fjell
djupe fjordar
endelause vidder
med gras, sand, tre, vatn –

kor vi nærast forsvinn
i heilskapen,
vert støvkorn, små prikkar
(som kanskje burde ferdast
med noko mindre fotspor)

kor usannsynleg lite
sannsynleg det er
å bli funnen
på det store kartet
over universet

og likevel vere funnen,
likevel vere elska
likevel ha ein plass, eit rom
i det tidlause, nådige
Gudshjartet