onsdag 29. april 2015

Vitne


noko slyngjer seg oppover
runde for runde
til stjernene er nære vener
og du høyrer vatnet surkle
i sandfylte joggesko

for dagane tenkjer sitt
og nettene svarar med djupe sukk;
havet kastar seg mot land
i ein villskap ukjent for
dei nye skota

dei vert vitne til alt dette,
det som trekkjer lufta, draumane
oppover - utover og så
let dei falle, som dogg
i det nye graset

det er berre starten, det er her
alle ting har sitt opphav;
brå, plutseleg framkomst
lik jordas første dag
og du ser, du ser og veit -



(b&w wednesday)

tirsdag 28. april 2015

Slutten, og så vidare



det er godt
lydde stemma
då siste atomet var forma
og lagt på plass

det kolossale puslespelet,
verdsmaskineriet
var sluttført
og godt –

så begynte forvitringa,
den saktegåande slitasjen
i stadig akselerasjon

for hjarta gjekk sine eigne vegar,
hendene fann aldri ro –



Du plantar

du plantar himmelen
djupt i den mørkaste molda

du plantar livet
der døden har sett sine spor

du plantar kjærleik
i restane etter ein vinter

du plantar håpet
midt i det grå




eg vaknar
til ein dag
der lyset fyller rommet
fyller verda, kvar minste krok

og strålane avslører
mine svik og tap
mine daude draumar

men du 

du plantar reinleik
omsorg og varme,
plantar trufast glede, usvikelege ord;
vatnar plantene
          med eigne tårer, eige blod
let dei vekse, breie seg ut

fylle stadig meir av plassen
i mine rom



søndag 26. april 2015

Til kort



å desse orda mine
kor dei sviktar,
kor dei er eit svik
mot tankane, kjenslene
alt eg er
i ei fargestrålande verd
der eit augekast
eller tause ryggar
seier så mykje meir
og så mykje meir presist
det tunga prøver å formulere

kunne det berre finnast ord
med smak og farge og substans,
som kunne kastast gjennom lufta
like lett som desse lydbølgjene

ord som kunne gi heilare bilete,
meir fullstendige visjonar
og ei oppleving
av kva eg verkeleg ynskte å seie –


lørdag 25. april 2015

Struktur



1
alderen set sine merke;
det er som livet sjølv
kryp opp frå den eldgamle jorda
og kler sine gjester




2
dette er spora
etter levd liv,
arr frå tusen slag

dette er merka som kjem
når ein gjer det ein er etla til;

somme seier sår
rivner i det perfekte,
skår i det som skulle vore heilt

eg seier: adelsmerke
på ein som har kjent verda
si vrangside

og endå står –





3
stryk handa over
fastfrosne årer,

slik eit fengsel,
slik eit vern kan halde –

og lyden av dryssande rim
på frosen mark

der hjartet krakelerer
under lengten etter ny vår