onsdag 18. februar 2015

Over alle taka



vi er så små, vi menneske
på denne eine planeten
i det ufattelege universet

likevel - vi byggjer våre hus
parkerer våre bilar og liv
og tenkjer - det er nok...

gløymer somme tider av
at der er noko meir
over alle desse taka

at der er ein røyndom
eit rike, usynleg for auga
der små menneske er velkommen

at berre éi einaste regnbogelengd unna
ventar opne armar, eit lengtande hjarte
heilt sidan vi tok ut arva og drog

-

eg opnar vindauga, eg slår ut dørene
kliv opp på dei høgste taka
og ropar - her er eg!



#faste

I dag er det askeonsdag. No er det førti dagar att til påske, og fastetida startar. I år legg eg på hylla den største "tidstjuven" av dei alle - bloggane og sosiale media. Så med diktet Over alle taka seier eg god fastetid, og ser deg til påske!

mandag 16. februar 2015

Leve ved havet



vende øyra mot havet
høyre det lokkar, stille

ei kviskring frå ei anna tid
ein annan dimensjon




hjarterytmane samanfallande
lengslane som eit dragsug

fjøresteinane er samansvorne vener
- vi kjenner lunene, det utemde



i bølgjeskummet – små glimt inn i sjela
hjartelaget til det skremmande store

utan målbare grenser,
vi kjenner ikkje djupa –





høyre havet, puste havet,
som ei forlenging av lungene

kjenne ei vill glede
i det å vere liten og makteslaus




Spark



(Haiku horizons)

søndag 15. februar 2015

Pakt



kva var det vi mista
i dette rommet,
der tida sakka av
og jordrotasjonen
ikkje lenger hadde noko å seie
- at alle orda samla seg
som i ytterkantane av alle ting,
let kjernen ligge taus tilbake
eit stille rom, fylt av blikk
og hudlause kjensler




slik vi vatna den turre grunnen
millimeter for millimeter
med eit tolmod verdig eit hav,
blankskurande bølgjer
mot forrivne klippelandskap
- kva var det vi mista
bak dei stengte dørene,
der lyden av bølgjebruset
og den stille kviskringa
frå milliardar menneske
kan sansast gjennom veggane





så samlar vi tårene i same skål,
så samlar vi lengslene
under same tak
så samlar vi auga mot same horisont
så samlar vi orda, let dei smelte saman
til same forteljing,
skriblar ned veggane, fyller tak og golv
med våre ord
og vaknar – auge mot auge
i midten av det heile
- kva det var vi mista
er ikkje lenger eit spørsmål