lørdag 31. januar 2015

B som i...



1
barn ser på bil
frå ei bru i ein by,
med bensinstasjonen
som eit stille bakteppe
bortanfor glaset

og eg,
eg står bakanfor
med eit bankande hjarte
for ho framfor




2
b som i bjørk og barrikadar
bringe blanke bajonettar bort,
berre bisarre blikk av blikk
berre brubyggarar i baugen –

bilde av ei barsk og bram bjørk,
barriereklatrar mot blå bakgrunn
med bark og bankande barm





3
banan
bana
ban
ba
b

(og så er eg mett)




fredag 30. januar 2015

Blikk


det ser alt
med det same
at kvelden kjem
før verkinga tek slutt,
før enden er innan rekkevidde
og forbi

det kjenner blikka
som brennande punkt
ein stad der ingen kan nå;
at noko svir, brenn
som faklar i stormen

det kjenner draumen
med det same
at alt skal bli blikk
på blikk - utan smerte;
at kvelden skal komme
med lindring ved enden

det ser alt
blikka, som eit dekke av blikk
og styrtar vidare
ut i natta, inn i draumen




(Weekend in black and white)

torsdag 29. januar 2015

Noko som held


det er noko som held oss oppe,
held posisjonen vår sikker
gjennom dei varme soldagane,
det grå haustregnet,
den isdekte fjorden ein vinterdag -

det er noko som held oss oppe,
håpet om den nye våren;
at sola skal stige på ny
og smelte isen, fordrive is og søle,
at dei store vindane skal stilne -

det er noko som held oss oppe,
ja, det er noko som dreg:
nærare, nærare...
kvar dag vert vi dregne inn
eit lite steg nærare
eit hakk nærare målet

det er noko som held oss oppe
og vi anar konturane
vender vi blikket oppover
mot overflata
av alle ting -

onsdag 28. januar 2015

Skispor



du er eit skispor
leier gjennom aude landskap
om natta, i ein skog
om dagen, over eit fjell
no – på vegen mot deg,
i morgon – over mållinja –




tirsdag 27. januar 2015

Lyden av lyd i dvale



eg høyrer lyden av stilla
som eit filter
over heile landskapet




høyrer på fråværet av rørsle
og ser det ikkje-eksisterande
kaoset etter stormen




lyttar til orda som ikkje vert sagt
ytringar stilt opp på rekke
og arkivert – djupt inne





for alt er i dvale no, orda søv
sin søvn for venleik
i denne kvila før vekstsesongen –