tirsdag 15. desember 2015

Omforme verda



så er kanskje vinteren ventetid
eit pust mellom hauststorm
og vårens glade melodiar

men også i dette rommet finst gleda,
også her ventar gullet –
berre noko meir skjult




kle om plenen;
leggje vekk sommarplagga
og hente fram vinterfrakken –

sprade rundt
i sin eigen stille parade;
kven har vel vakrare klede enn dette?



skape på ny dette skapte
som levde sitt liv
under sommarsola

no er det stille,
dei storslagne songane har stilna
under kulda sin sølvprega ro




omskape lauvtunge greiner,
forme på ny alt
frå vindauget til dei isblå stjernene;

den grøne veggen er borte
tause treet står att og vinkar
i sine glade vibrasjonar 





det er eit tid for alt
også i vinternatta –

ei tid for frost
og ei for å smelte

ei tid for å dekke til
ei for å avsløre gamle feil

ei tid for tunge snøfall
og ei for å stråle
i tusen skimrande krystallar
under desembersola 


1 kommentar: