søndag 6. desember 2015

Lys og mørke



1
eg speglar sjela mi
i verda rundt meg

somme dagar ser eg klart
det mørke vatnet
som skjuler mine inste håp

somme dagar ser eg klart
håpa som ligg skjult
under alt det mørke

andre dagar ser eg tydeleg
lyset som blendar
utsikta inn mot framtida

andre dagar ser eg tydeleg
vegen inn i framtida
gjennom lyset over horisonten



2
i natt var dette treet
ein flytande båt
på det store verdshavet

bølgjene førte det rundt
til framande himmelstrøk
og vindane bles det vidare bort

ingen stadar fann det feste
alt var svevande mørke
under rotlause, tause stjerner

men så kom dagen
og treet fann seg sjølv att
akkurat der det ville vere




3
det ventar eit lys
der framme ein stad
etter dette
slukande mørket

ein stad du kan danse
andre dansar
enn melankolske steg
i din eigen ørken

eit lys som vil opne opp
vegar du ikkje kjente
før du såg dette gløttet
av ei anna verd bak siste sving




(Fototriss. Stilig julegåve hos coolstuff: Boblekalender!)

8 kommentarer:

  1. Åh, så vackert!! Tänk så olika man kan tolka temat.

    SvarSlett
  2. Vackra bilder i din triss, som också matchar färgerna i din blogg!

    SvarSlett
  3. The silhouette of the tree is wonderful, and I like the tunnel shot.

    SvarSlett
  4. All very creative photography ~ beautiful nature shots!

    Wishing you the magic and love of the season, xox
    artmusedog and carol

    SvarSlett
  5. Stunning photos! Thanks for sharing!

    SvarSlett
  6. What a lovely sky! I like the tree silhouette

    SvarSlett