torsdag 3. desember 2015

Den stille elva



dette er ei stille elv
med ukjente kjelder

ein veg gjennom det turre;

me byggjer bru over djupet
festar auga på fjella når vi passerer,

lest som elva ikkje er der
at alt det grøne veks av seg sjølv

- sett slike flotte enger
seier me, sjå kva me får til –

og elva renn vidare, stille
som eit taust vitne i verda

er ei åre til liv i seg sjølv



1 kommentar:

  1. Nydelig ..... og godt fundert. Nå fikk du meg til å tenke litt etter :)

    Ha en fin adventhelg, Irene

    SvarSlett