fredag 20. november 2015

Samband



eg ynskjer å fly
vere eitt med hjartet
eitt med den eg er
i auga dine

gli langs denne flyktige elva
kalla tid og rom og kjærleik
der kvar dråpe
forsvinn i mengda

og kvar dråpe er elva
på veg frå kjelda
stige og søkke i samband
med målet for alle ting

gje meg å trasse straumane
som leier vekk i det tomme
gje meg å fly
på dine vengjer;
vere eit hjarte i ditt hjarte




6 kommentarer:

  1. Lovely photo for the start of winter.

    SvarSlett
  2. What a lovely scene.

    Visiting from BLACK AND WHITE WEEKEND.

    FRANKLY MY DEAR

    SvarSlett
  3. Love landscape. It looks like you have visited by the winter snows. Beautiful.

    SvarSlett
  4. This river looks cold with the snow on the banks. Interesting composition.

    SvarSlett